Kjøp online
Skriv ut hjemme eller bruk billetten på mobilen.
Les om våre tiltak for at du skal føle deg trygg.
Grupper
Ta kontakt for grupperabatt.
Vil du bli vår Teaterkontakt?
Ta kontakt.
Spesialbehov
Ta kontakt dersom du har behov for tilrettelegging.
Stor i bringa (åpen prøve) #DANSENFEST
Anne Loe, Ingebjørg Loe Bjørnstad & Marit Loe Bjørnstad
Kjøp billetter
27. oktober 2020 Kl. 17:00
Sted: Visningsrommet USF
Kategori: Dans
Varighet: 30 minutter
Hei!
Ingebjørg og eg har byrja å samarbeide att. Så langt foregår arbeidet vårt på følgjande vis:
Vi møtes i studio. Vi deler refleksjonar og tankar om den skapende praksisen vår. Ingebjørg, som dei siste åra har oppnådd ein mastergrad i utøving ved NMH, og som har turnert med ulike prosjekt, har arbeidd med følgjande spørsmål:
Korleis skal eg forholde meg til balansen mellom det eg sjølv tykkjer er interessant og det publikum tykkjer er interessant? Når er variasjon i tid, kraft, lydbilde naudsynt? Og for kven? Korleis skal eg forholde meg til det premisset at vokale uttrykk, fordi det er eit uttrykk alle har, ofte blir assosiert med kjensler som sorg og seksualitet, når det eg vil berre vil er å undersøkje ulike potensial i stemma? Kva kunstnerisk potensial ligg i mi stemme og mitt språk, både bokstaveleg og biltedleg?
Eg, som har dansa minimalt dei siste åra, og som tidvis har følt meg både koko og sørgjande av å ikkje vera kroppslig kreativ, vil eigentleg berre danse og uttrykke meg. Spørsmåla som er viktig for Ingebjørg stiller eg meg på ein måte revnande likegyldig til. Det oppstår det ein del givende samtaler ut av.
Når det er sagt er eg alltid interessert i kva meining som bur i rørsle og gestar. Korleis tolkar og oppleves gester og rørsler ulikt avhengig av kven som framfører dei? Kven som ser dei, kva samfunn ein er ein del av? Kva er balansen mellom å ville formidle noko tydeleg og direkte og det å opne for ulike tolkningar?
Eg jobbar også med å berre lytte til kva kroppen treng. Korleis treng eg å bevege meg no?
Vi improviserer 5 minutt. Så stoppar vi og går rett vidare til ei ny 5 minutts økt. Eller så samtaler vi og deler refleksjonar. Slik held vi på.
Helsing Marit
PS. Vi har spurt mamma om ho vil vera med og laga noko visuelt i scenerommet. Det vil ho. Det er vi glade for.

Dans - en fest! er støttet av Fond for utøvende kunstnere og Vestland fylkeskommune 

kreditter

Song: Ingebjørg Loe Bjørnstad
Dance: Marit Loe Bjørnstad
Scenography/props: Anne Loe
Program picture: Anne Loe