Kjøp online
Skriv ut hjemme eller bruk billetten på mobilen.
Les om våre tiltak for at du skal føle deg trygg.
Grupper
Ta kontakt for grupperabatt.
Vil du bli vår Teaterkontakt?
Ta kontakt.
Spesialbehov
Ta kontakt dersom du har behov for tilrettelegging.
HEDDADAGENE 2018: NEW SKIN
Langgård / Becker
NO
Kjøp billetter
12. juni 2018 Kl. 21:00
13. juni 2018 Kl. 19:00
Sted: Det Norske Teatret
Kategori: Dans
Varighet: COPRODUKSJON

Forestillingen NEW SKIN har blitt valgt ut til å spilles under Heddadagene 2018 i Oslo. For dere som ikke fikk med seg denne fantastiske forestillingen under fjorårets teaterfestival METEOR, fortvil ikke, reis til hovedstaden i juni!

New Skin er et scenisk verk i grenselandet mellom konsert og installasjon, eit framtidsrekviem, ein seremoniell framvising av ei partert historie som blir sett saman på nytt.

Vi har stirra så lenge på skjermar. Vi har gapt desillusjonert av nyheiter. Vi har kjent stanken av apati. «Theres something rotten in the state of Man». La oss ta eit skritt tilbake, skrelle oss inn til skjelettet, stable oss saman på nytt og stake ut ein veg inn i framtida. Myter frå oldtida fortel oss at det ikkje er verkhelegheita som skapar draumane våre, draumane skapar verkhelegheita. Lat oss endre draumen.  

KONSERT OG INSTALLASJON

New Skin er eit scenisk verk i grenselandet mellom konsert og installasjon. – Eit framtidsrekviem, ei seremoniell framvising av ei partert historie der skjelett, kroppsdelar, måleri, lydar og melodiar piplar fram frå mørkeret og blir sette saman på ny. Stykkevis og delt, kviskrande, syngande og brølande vil vi vekke noko nytt ut av knoklane, bryte ned gamle maktstrukturar, bygge eit nytt narrativ, påkalle ei ny bevisstheit. Dei vil leie publikum baklengs inn i framtida, medan signal frå popkultur, mytologi, og gamle gløymde gudinner blir kanaliserte frå mørkeret og inn i scenelyset.

 

Rom: Signe Becker
Lyd: Ingvild Langgård
Lys: Tilo Hahn
Scenografiassistent: Kjersti Alm Eriksen
Live lyddesign: Bernt Isak Wærstad  
Lydmaskiner: Kjersti Alm Eriksen & Bernt Isak Wærstad Kostymer: Mads Dinesen
Outside eye: Lisa Baudoin Lie
Produsent: Pernille Mogensen

Co-produsentar: Black Box teater (Oslo), Ultimafestivalen (Oslo) & BIT-teatergarasjen (Bergen). Støtta av: Kulturrådet, Fond for Lyd og Bilde og Det norske komponistfond.